KORT HISTORIKK

Arbeidet som la grunnlaget for A/L Parken, starta tidleg på 1980-talet i regi av dei frivillige laga i bygda.

I 1987 vart A/L Parken formelt danna, andelseigarane : Idrettslaget Bjørn, Gaupne Ungdomslag og Gaupne Skule- og Ungdomskorps var likeverdige andelseigarar og har derfor lik representasjon i styret.

Under planlegginga av anlegget i Parken planla ein bygningar delvis finansiert med ”tippemidlar”. Minimumskravet var den gongen 40 års leigeavtale på grunnen, og eit (minimums-)areal som bygningane fekk plass på. Ein slik avtale vart underteikna av dåverande ordførar Jan Haugen og representantar for A/L Parken i 1987.

A/L Parken har bygd opp eit tenleg anlegg for sommar-arrangement, og frå 1991 har organisasjonen arrangert 5-10 større kulturarrangement kvar sommar i eigen regi. I tillegg vert anlegget leigd/lånt ut til ei mengde større og mindre arrangement kvar sesong. Leigetakarar er då skular, barnehagar, bedrifter, lag og organisasjonar samt privatpersonar.

Luster kommune har valt Parken med tilgrensande område som sin Tusenårsstad. I samband med opninga av Tusenårsstaden sytte Luster Kommune for fleire naudsynte tiltak i Parken.

Det gjaldt ma. asfaltering av vegar og tun med meir, samt at det vart laga eit tun-arrangement med bauta og plakett.

Jonsokafta 2005 laga Luster Kommune i samarbeid med A/L Parken eit flott arrangement som markerte opninga av Tusenårsstaden.

 

Organisasjonen A/L Parken i dag:

Styret for organisasjonen består av 2 representantar frå kvart lag pluss vararepresentantar. Dette styret står for den daglege drifta av organisasjonen og anlegget. I tillegg knyter organisasjonen til seg grupper og einskildpersonar som løyser spesifikke oppgåver etter behov. I dag har organisasjonen ryddegruppe, kjøkkengruppe, transportgruppe og handverkargruppe, som alle er samansett av lokale ungdomar i alderen 15 til 30 år. Styret og gruppene tel tilsaman ca. 30 personar.

Ved arrangement stiller bygdefolket og personar frå andre delar av kommunen opp som vakter. Oppgåvene spenner frå reine ordensvaktoppgåver til kjøkkenteneste, arbeid i grillbua, billettsal, portvakter og bussvakter. I løpet av ein sesong er 150 – 200 personar av denne kategorien innom Parken som vakter.

Alt dette arbeidet i regi av A/L Parken vert gjort på dugnad.

PARKEN A/L , 6868 GAUPNE

© 2018 by PARKEN A/L

Nettsida er laga av